Last updated on 13. september 2024
Det blir løp 21. september.
Etter stort engasjement har løpskomiteen og bilgruppa bestemt at det blir løp neste lørdag. Løpskomiteen er utvida med litt fleire ressursar og skal jobba intenst for å få eit så bra løp som mulig.
Lørdag 21. september er det finale i NMK Vikedal Cup 2024 for bilcross. Sidan det har vore litt laber deltaking på løpa i år, er det sett at det må vera minst 50 deltakerar påmeldt innan 10. september for at løpet skal bli arrangert. Det skal og kjørast 4. innleiande omgongar. Rallycross kjører i utgangpunktet i ein samla klasse, men kan bli delt ved stor påmelding. Minner om at alle under 18 år har gratis påmelding i Vikedal i år.
Premieringa i NMK Vikedal Cup er ikkje heilt klar, men det blir jobbe med å få til noko meir enn pokalar. I tillegg vil det blir trekt ein del gratis påmeldingar til 2-dagaren neste år blant dei som har deltatt i minst to løp i cupen.
Hiv deg rundt og meld deg på. Været kan me ikkje garantera, men me kan jo håpa på liknande vær som det ser ut til å bli under VM-finalen i år.
Reglar for NMK Vikedal Cup 2024
Stillinga i NMK Vikedal Cup
Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – rallycross
Tilleggsreglar – crosskart
Påmelding
Foreløpig startliste
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.