Press "Enter" to skip to content

Pressemelding: 5 lokale deltakerar i NM-runden i rallycross i Vikedal

Helga 10. – 11. august er det klart for ny NM-runde i rallycross på Vikedal Motorbane. Det er 7 år sidan sist det var NM-runde i Vikedal, så no var det på tide å få alle dei beste rallycrossførerane til Vikedal igjen til den fjerde av fem rundar denne sesongen. Det er venta opp mot 100 deltakerar i løpet, der kanskje 18-20 av dei kjem frå Vestlandet. Desse fordeler seg på 7 forskjellige klassar.

Åsmund Holten luftar Fieastaen over hoppet i Vikedal (foto: Marcus Rødne)

Klassane Historisk rallycross og rallycross junior kjører Norgescup. Historisk er bilar produsert til og med 1974 med volum opp til 2200 ccm. Amund Walle, NMK Krabyskogen, leiar Norgesupen for Historisk rallycross. I Norgescupen for rallycross junior er det Markus Røsrud, NMK Gardermoen, som leiar.

I den minste NM-klassen, klasse 1 t.o.m 1600 ccm, har Mats Marthinsen, NMK Grenland, vore suveren og vunne dei 3 første rundane i år. Med eit godt resultat i Vikedal kan han vera klar som Norgesmester.

            Klasse 2 t.o.m. 2000 ccm er mest interessant for dei lokale sidan det er her heimeførar Åsmund Holten kjører. Åsmund ligg på tredjeplass i NM med 51 poeng. Lasse Aaberg, NMK Bergen, leiar med 88 poeng etter 2 førsteplassar og 1 andreplass så langt. Han og Åsmund hadde ein tett kamp om sigeren på Finnskogen sist som enda med at Åsmund snurra, medan Aaberg vann løpet. Simen Johansen, frå Ølen, har leigd seg bil av Ben Phillip Gundersen og skal prøva å ta opp konkurransen i denne klassen. Det vil vera hans første rallycrossløp, og det skal bli spennande å sjå kva han kan få til. Han har ein femteplass i Landsfinalen i bilcross junior i 2022 som beste resultat i nasjonale løp og håpar på ei topp 8 plassering. Ein annan som har leigd seg bil i denne klassen er Andreas Bakkerud, NMK Bergen. Han skal kjøra bilen Lasse Aaberg kjørte i fjor, ein Ford Fiesta, som Kenneth Johansen, far til Simen, hadde tidlegare. Han har tidlegare kjørt både EM og VM i rallycross, men kjører no ein serie i USA som heiter Nitrocross med elektriske bilar. Der vart han nr. 4 i sesongen 2023/24.

Simen Johansen (t.v) debuterar i rallycross mot idolet sitt, Andreas Bakkerud.

            I klasse 3 t.o.m. 2400 ccm er det tett i samandraget, men det er Mathias Minge, NMK Aremark, som har ei lita leiing på dei andre. Heimeførar Lars Reidar Frøyland stiller til start her med sin Ford Escort. Han får selskap av Ernst H. Holten Leifsen som fekk ein leigebil i 40-årspresang i vår. Det skal vera ein konkurransedyktig Hyundai Accent. Lars Reidar satsar på ein finaleplass, så då måtte Ernst setja målet litt høgare med ein plass i B-finalen.

Litt motorproblemer for Lars Reidar Frøyland på ei trening i juli førte til tidleg opplasting, men problemet er no løyst.
Ernst H. Holten Leifsen med sin leigde Hyundai Accent i klasse 3 (t.o.m. 2400 ccm)

            Konkurransen i toppklassen, klasse 4 over 2400 ccm, er jamn og hard. Det skil berre 10 poeng mellom dei 4 beste i samandraget. Øvst ligg Jonas Dalseth Jacobsen, NMK Hålogaland, men i Vikedal vil han få konkurranse av kompisen Daniel Holten som stiller på heimebane i lånt bil. Om bilen er konkurransedyktig er Daniel litt usikker på, men målet er likevel A-finalen. I forrige NM-runde i Vikedal i 2017 vann Daniel klasse 2 med den Fiestaen broren Åsmund kjører med i år. Han vann og NM samanlagt det året.

Daniel Holten skal kjøra denne Ford Fiestaen for første gong i klasse 4 (over 2400 ccm).

            Som om ikkje det er nok at brødrene Åsmund og Daniel deltek, skal faren, Svein Bjarte Holten, vera løpsledar på NM-runden. Han vil naturleg nok tre til side når klassane til sønnene kjører, og satsar på at NMK Vikedal skal få til eit topp arrangement til glede for både deltakerar og publikum. Andreas Bakkerud, som har mange følgjerar på sosiale media, har alt varsla at han har med seg ein stor gjeng tilskuerar. NMK Vikedal har laga nye tribunar og er klar til å ta i mot eit stort antal publikum denne helga.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.