Våren 2019 opna MX-skulen i kjellargarasjen under det nye bygget på Vikedal Motorbane. Opninga blei markert med ein artikkel i Grannar (bilde) som gav ein travel sommar. Kapitalen kom frå Gjensidigefondet og seinare Norsk Motorsportforbund. Til saman 480 tusen. Pengane blei brukt til fem øvings-syklar og doble sett køyreutstyr i fire storleikar. Det rakk også til ein enkel treningsbane som seinare blei forbetra og til utviding av hovudbanen slik at denne nådde minimumslengda på 1250m. Haugaland Kraft ville vise bredde i sitt bidrag til dei unge og støtte med fine klubbtrøyer til dei aktive.
Skulen blir drive av klubben sine aktivitetsleiarar med godkjenning frå NMF. Det blir lagt ned om lag 400 dugnadstimar i året. Det omfattar også dei som held øvingsbanen og syklane i stand. Norsk Tipping, kommunen, Grieg Seafood, Granberg og fleire selskap i næringslivet støttar drifta jamt slik at deltaking på MX-skulen skal vera rimeleg.
Gjennom åra har omlag 200 gutar og jenter under 17 år vore på skulen og 142 har oppretta medlemskap i klubben. I tillegg kjem omtrent same talet føresette. Samla blir dette store tal som og viser at tilbodet er verdfullt langt utanfor kommunegrensene. Med utmelding og andre justeringar er det i dag 149 medlemmer knyta til motocross aktiviteten. Det mest gledelege i tala er likevel at aktiviteten så langt i 2024 er høgare enn i det travle oppstartsåret 2019.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.