Press "Enter" to skip to content

Klart for 2-dagaren 8. og 9. juni

Helga 8. – 9. er det klart for 2-dagaren i Vikedal. Som vanleg er det kvalifisering til Landsfinalane for bilcross jr. og bilcross. I tillegg inngår løpet i Laban Cup og NMK Vikedal Cup 2024 for bilcross.

Etter at me endra VIPPS-betalinga til meny, forsvant muligheten til å leggja inn kommentar om betalar. Me finn ut av det aller meste, men er det nokon som betaler for andre, kan de senda ein e-post til pamelding@nmk-vikedal.net for å informera om kven de har betalt for.

Hugs at medlemmer i NMK Vikedal må melda inn vakt til begge dagar saman med påmeldinga, så sjekk med slektningar eller naboen om dei kan vera med. Kan ikkje vakten din begge dagar slik at du må ha to forskjellige vakter, send ein e-post og forklar det til vakt@nmk-vikedal.net.

Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – rallycross
Tilleggsreglar – crosskart

Påmelding
Uoffisiell startliste

Reglement for NMK Vikedal Cup 2024
Stillinga i NMK Vikedal Cup

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.