Last updated on 10. mars 2023
Årskontroll på Nonslid Bilservice i Skjold
Det er sett opp årskontroll 11. mars 18. mars. Kvar bil får tildelt 20-30 minutter, og tidspunkt blir tildelt ved påmelding.
Send ein SMS for påmelding med info om kva klasse bilen skal gå i, og om det er eit nybygg.
Dersom du ikkje har mulighet til å stille på årskontroll og må godkjenne bilen i ettertid kan kontrollanten kreve 250,- kr pr. kontroll.
Dato: 11.mars 18. mars(påmeldingsfrist 09.mars 16. mars)
Tidspunkt: 10.00-15.00
Sted: Nonslid Bilservice, avd. Skjold
Teknisk: Sindre Vikedal
Påmelding skal sendast til Amalie Rønnevik, tlf 905 66 742
VIKTIG INFO! Les nøye gjennom punktene
- Skriv ut skjema som blir brukt på årskontrollane frå linken under:
Årskontrollskjema BC-RC-RAC-DI - Me ber om at alle fyller ut den informasjonen som er i dei øverste felta på skjemaet, inkludert rammenr og epostadresse. Samt fyller ut nederste del på arket. Så sparar me tid under/etter kontrollen.
- Kvar førar beholder kontroll-skjemaet, og vert sjølve ansvarlige for å sende inn kontrollskjemaet til NBF i lag med bilde av rammenr. Først då får du vognlisens frå NBF.
- Bilane som stiller på årskontroll skal vara vaska, rydda og ny mala.
- Rammenr skal være lett å lese, og alle burbolter og burfester skal vera lette å kontrollera.
- Eventuelle homologerings papir skal (bør) vera med på årskontrollen for RC.
- Ein oppfordring er å lese gjennom teknisk reglement og sjå at bilen er innafor. Då går kontrollen raskare, og ein slepp ny årskontroll på eit seinare tidspunkt.
- Møt fram til avtalt tidspunkt, og følg instruksjonane til kontrollantane.
Vell møtt!
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.