Last updated on 6. oktober 2022
Lørdag 15. oktober er det klart for klubbmesterskap for bilcross, crosskart og motocross.
Det blir same opplegg som tidlegare år med start kl. 12:00. Bil kjører 3 omgongar + finalar, medan motocross kjører ein treningsomgong og to heat. Om deltakinga blir som venta, er siste finale i mål ca. kl. 16:20.
Motocross finn tilleggsreglar og påmelding ved å følgja denne linken…
I år blir det arrangert med oppvisningsklasser i 50/65 og 85 ccm. Det blir kåret klubbmester i 85 ccm. Alle må ha gyldig medlemskap i NMK-Vikedal og nasjonal lisens for å delta (kom og prøv-lisens er dessverre ikkje godt nok). Oppdatert informasjon kan og finnast på Facebook-sida til MX-gruppa.
Hugs at det går å kjøra på eingongslisens for dei som ikkje har løyst lisens for heile året, men medlemskap i NMK Vikedal må vera i orden og betalt. Eingongslisens for bilcross (ikkje junior) kan kjøpast på nett (Konkurranse – Bilcross (ikke junior) – Bilsportlisens). Då skriv du «Eingongs» i feltet for lisensnr. i påmeldinga.
Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – crosskart
Påmelding – bil
Førebels startliste – bil
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.