Last updated on 22. september 2022
Det blei ein fantastisk fin avslutning på trenings-serien mellom dei tre klubbane i Nordfylket hjå Karmøy Motocross klubb lørdag 17. september.
Dei yngste klassane og dameklassen har auka veldig gjennom dette opplegget med fire løp fordelt på banane i Vikedal, Sauda og Karmøy. Frå NMK Vikedal har vi hat 28 deltakerar som er langt over forventning.
I MX 2 klassen (opp til 250 kubikk) fekk vi faktisk topp tre med Adrian, Theodor og Mikal. Desse er kåra til klubbmeistrar i open klasse. I 85 klassen satsar vi på å kåre meistrar på klubbløpet i oktober medan 50/65 blir såkalla oppvisning der.
Sammarbeidet med naboklubbane har vore framifrå og gitt eit sterkt felleskap rundt rekruttering. Det har vore avgjerande å ha med klubben frå Karmøy; Dei har resursane og erfaringa vi manglar på moderne tidtaking og digital løpsleiing. Dette er element forenkler bemanninga og gir all informasjon og resultat på skjermar og telefon mens det skjer.
På siste løpet i serien trena vi på å få stil og stemning rundt premieutdelinga. Det gjekk ein heil del fruktchampagne, men det blei bra!
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.