Simen Johansen, Ølen, stod for ein strålande innsats i Landsfinalen for bilcross junior på Brekka Motorbane i Aremark laurdag og kjørte inn til ein flott femteplass. 120 av landets beste bilcross juniorførerar stilte til start etter å ha kvalifisert seg blant dei beste i lokale løp rundt om i landet.
Det vart kjørt 4 innleiande omgongar i Landsfinalen. I første omgong vart det ein andreplass på Simen, bak Henrik Tandberg Håkonsen som seinare tok tredjeplassen i finalen. I dei tre neste omgongane tok han starten og vann greitt sine heat. Dermed stod han med 37 poeng og var kvalifisert direkte til A-finalen. I A-finalen tok Simen starten, men var nok litt ivrig og kom litt for fort inn i første sving der han sklei ut litt. Dermed smatt fleire konkurrentar forbi på innsida, og det vart vanskeleg å komme forbi seinare i finalen. Til slutt vart det femteplass til Simen, som han nok var godt fornøgd med. Det er første gong ein førar frå NMK Vikedal er i A-finalen i Landsfinalen for bilcross junior. Robert Røgelstad, Skånevik, kjørte og Landsfinalen, men nådde ikkje opp til finale denne gongen.
Tobias G. Spangen, NMK Hamar vann Landsfinalen framfor Erling B. Tjelta, NMK Egersund og Henrik Tandberg Håkonsen, NMK Gardermoen. Landsfinalen for bilcross senior går i Uvdal om 14 dagar med 4 deltakerar frå NMK Vikedal.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.