Last updated on 10. juli 2022
For første gang på lang tid skal det arrangerast Klubbcup for motocross på Vikedal Motorbane.
Det blir luftige hopp, høg fart og god underholdning når motocrossgjengen skal kjempa om tittelen i klubbcup!
Klubbcup er eit tett samarbeid mellom tre klubbar på Haugalandet, Karmøy, Vikedal og Sauda. Det blir både fysisk og mentalt krevande for uttøverane som skal kjøra lange intervaller med fleire konkurrentar og fleire omganger.
Ta turen til Vikedal Motorbane 25. juni klokka 11.00-16.00 og få med deg den gjengen her på 2-hjul! Gratis inngang og kiosk.
Påmelding for uttøverane er open heilt til treninga startar.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.