Under flotte forhold på Vikedal Motorbane var det brødrene Sigbjørn og Sølve Østbø som gjorde det best og tok dobbelseier i bilcrossklassen.
Nærare 1.000 publikumerar hadde tatt turen til Vikedal fordelt over laurdag og søndag. Dei fekk oppleva mange spennande heat og litt dramatikk.
Det var førerane frå NMK Egersund som dominerte juniorklassa. Erling B. Tjelta hadde vunne alle sine 5 omgongar, men ein lekk radiator gjorde at han måtte stå over den siste omgongen mens den vart bytta. Då brukte Martin Vatland muligheten til å gå forbi og sikra seg beste startspor i finalen. I finalen var det Vatland som tok starten. Tjelta hang godt på, men klarte ikkje å ta seg forbi. Magnus M. Skoglund tok siste pallplassen. Thea Lutsi, NMK Egersund, vart nr. 4 og Simen Wilhelmsen nr. 5. NMK Vikedal sin representant i finalen var skåneviksbuen Robert Røgelstad, som vart nr. 6. Alle desse er no kvalifiserte til Landsfinalen for bilcross junior i Aremark laurdag 6. august.
Samanlagt i Vestlandsmesterskapet leiar fortsatt Erling B. Tjelta med 42 poeng, 4 poeng framfor Magnus M. Skoglund og 7 poeng framfor Martin Vatland. Simen Johansen, NMK Vikedal, som vart nr. 7 i helga, ligg på fjerdeplass med 31 poeng.
Det var fleire NMK Vikedal-førerar som hevda seg i toppen i seniorklassen. Etter at Thomas Hundseid Eikeland vann B-finalen og rykka opp, var 4 av 6 førerar i A-finalen frå NMK Vikedal. Best i dei innleiande omgongane hadde Bjørn Cato Aarekol vore i bobla si. Men i finalen hadde han litt for lågt turtall når starten gjekk og kvelte dermed bobla. Sjølv om den starta kjapt igjen, var det Sigbjørn Østbø som tok starten framfor broren, Sølve. Dei følgde einannan tett, og fekk ei brukbar avstand til dei andre etterkvart. Sølve køyrde det bilen gjekk, men storebror Sigbjørn gav ingen opningar og sikra seg den store pokalen. Bergenserane Marius Havre og Lasse Aaberg følgde deretter, medan Bjørn Cato Aarekol vart nr. 5 og Thomas Hundseid Eikeland nr. 6 etter ein liten halvsnurring. Alle A-finalistane kvalifiserte seg og til Landsfinalen for bilcross i Uvdal laurdag 20. august.
Samanlagt i Vestlandsmesterskapet er Marius Havre fortsatt i leiing med 46 poeng, medan Sigbjørn og Sølve Østbø begge har 37 poeng. Thomas Hundseid Eikeland ligg som nr. 4 med 26 poeng. Neste runde i Vestlandsmesterskapet går i Bergen 18. – 19. juni.
Neste løp i Vikedal blir 25. juni når det blir arrangert klubbcup for motocross. Neste billøp går 17. – 18. september og er finalen i Vestlandsmesterskapet.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.