Last updated on 1. april 2022
Onsdag kveld blei siste del av hastighetslisens kurset gjennomført på Vikedal Motorbane.
Første del av kurset besto av teori. Då blei dei kjent med blant anna teknisk reglement, kjøyre adferd og sikkerheit.
Sikkerheit er eit viktig tema i motorsport. Både på og utanfor motorbanen ynskjer NMK Vikedal å fremma sikkerheiten. Motorbanen er ein plass for at utøverar i alle aldrar har moglegheit til å kunne tøye grensene, men samtidig på ein trygg måte.
Med første del av kurset i boks var det nå klart for å gjennomføra den praktiske delen av kurset. Unge lovande kursdeltakere møtte spent opp på motorbanen saman med ledsagere, kjøretøy og personlig kjøreutstyr.
Deltakarane er fra 6 år til 16 år. Dei yngste skal kjøyra crosskart. Medan dei eldre skal kjøyra bilcross. Med minimalt av erfaring losar kursholdar Sigurd Kilane deltakarane gjennom kurset. For nokon er det første gang bak rattet. Det er spennande og lærerikt for deltakarane som nå kan melda seg på løp og trening for å kjøyra på motorbanen.
NMK Vikedal ynskjer Amalie Aarekol, Julie Reimers Holten Leifsen, Morten Reimers, Nicolai Lothe, Kristian Veland Skeie og Daniel Veland Skeie velkomne og lykke til med kjøyring!
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.