Last updated on 16. april 2021
Teknisk årskontroll for bil lørdag 17. april 11:00 – 15:00
Det er nå sett opp ny årskontroll. Kvar bil får tildelt 15 minutter, og tidspunkt blir tildelt ved påmelding.
Send ein SMS for påmelding til kontrollen med info. om kva klasse bilen skal gå i, og om det er eit nybygg.
Dersom du ikkje har mulighet til å stille på årskontroll og må godkjenne bilen i ettertid kan kontrollanten kreve 250,- kr pr. kontroll.
Slik det ser ut nå er planen å arrangere løp 8. mai så lenge det er opning for det i Covid-19 retningslinjene som er gjeldande. Me prøver å få til trening 24. april, slik at dei som vil delta i Bergen 1. mai får testa litt. Dermed er det berre å hive seg rundt å få godkjent bilane til sesongen. Det kna sjøvsagt bli endringar på det meste i desse tider, men me satsar uansett på at det blir ein sesong med masse kjøring. Det har vel andri vore så mange treningar som i fjor.
Trykk på «Les meir»-knappen for info. om påmelding og kva du må ha klart til kontroillen
Det blir årskontroll følgende dato:
Dato: 17. april
Tidspunkt: 11.00-15.00
Sted: Nonslid Bilservice
Teknisk: Sigurd Andrè Maraas
Påmelding skal sendast til Jon Bjarte Aarekol: tlf 99453325
VIKTIG INFO til dei som skal kontrollere bil:
- Skriv ut skjema som blir brukt på årskontrollane frå linken under:
Årskontrollskjema BC-RC-RAC-DI - Me ber om at alle som møter til årskontroll fyller ut den informasjonen som er i dei øverste felta på skjemaet, inkludert rammenr og epostadresse. Samt fyller ut nederste del på arket som bileier kan. Så slepp me bruke tid på det under/etter kontrollen.
- Kvar førar beholder kontroll-skjemaet, og vert sjølve ansvarlige for å sende inn kontrollskjemaet til NBF i lag med bilde av rammenr, slik at dei igjen kan sende ut lisensen.
- Bilane som stiller på kontroll skal vera reingjort, ryddige og klar til løp.
- Rammenr skal være lett å lese, og alle burbolter og burfester skal vera lette å kontrollera.
- Eventuelle homologerings papir skal (bør) vera med på årskontrollen for RC.
- Ein oppfordring er å lese gjennom teknisk reglement og sjå at bilen er innafor. Då går kontrollen raskare, og ein slepp ny årskontroll på eit seinare tidspunkt.
- Møt fram til avtalt tidspunkt, og følg instruksjonane til kontrollantane.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.