Få frammøtte på lørdagsdugnaden, gjer at det må til ein ny dugnad på onsdag der me håpar på betre frammøte for å blir klar til løpet.
Arbeidsoppgåvene blir:
- Kantklypping (ta gjerne med kantklyppar med trekant-/sagblad og evt. motorsag)
- Oppsett av banemarkeringar (plastrøyr)
- Oppsjekk av gjerde mot depot (reparasjonar/banka ned pålane)
- Rydding av rivningsmaterialer og anna boss
- Rensking av takrenner (kan evt. setja poteter der til våren 🙂 )
- Slodding av depotet (slodd står å ventar på ein bil til å dra)
- Merking av startplate og banekantar
- Sikring av målpost (montering av armeringsmatte til skjerming)
- Steinplukking (ta gjerne med tilhengar for å få kjørt dei bort)
- Oppsett av skøytekumme ved gamle speakerbu
- Generell rydding og vask
- Forskaling og støyping av kurbs.
Enkelte ting kan gjerast før dersom det passar betre for DEG. Avtal då nærmare med Michael på tlf. 979 53 515. Me passar på å takka dei som møtte på dugnaden lørdag, Bjørn Vikedal, Sindre Vikedal, Sondre Åsheim, Simen Johansen, Tobias Johansen, Svein Erik Østbø og Michael Jensen.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.