Press "Enter" to skip to content

Finalen i Vestlandsmesterskapet 2018

Last updated on 15. september 2018

I år er det NMK Vikedal som er arrangør av finalen for Vestlandsmesterskapet. I dei fleste klassane har det skilt seg ut nokre som ligg godt an i kampen om pallplassane, men i rallycross kan ein stryka ein runde og i bilcross to rundar så ingenting er avgjort. Men både runden på Eikås 8. sept. og finalen i Vikedal helga etter blir viktige for sluttresultatet. Hugs at du får 5 bonuspoeng for å delta i finalen.
Sjekk stillinga i Vestlandsmesterskapet her…

Denne helga blir det sprintløp lørdag (BC/RC) og VM-finalen med ordinært BC/RC-løp på søndag. Sjå tilleggsreglane for nærmare beskrivelse. Deltakerane kan sjølv velja om dei vil kjøre ein eller begge dagar. Påmeldinga gjeld for begge dagane, så dei som berre vil kjøra ein dag senda ein e-post til pamelding@nmk-vikedal.net med informasjon om det.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær til kvar løpsdag. Opplysningane om den må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det blir endringar/bytte eller forskjellige personar dei to dagane, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje kunne bli innfridd. Det er og viktig å merka seg at innmeldte vakter MÅ møta sjølv om føraren melder avbud (evt. må føraren møta sjølv).

Ordinær påmeldingsfrist går ut søndag 9. september kl. 23:55.

Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – rallycross

Førarmelding nr. 1 – Klasseinndeling i RC

Påmelding
Endeleg startliste – bilcross
Endelig startliste – rallycross

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.