På grunn av den lange tørken er brannvesenet i Vindafjord kommune sterkt bekymra for gras- og skogbrannfaren. Følgjande reglar må difor følgjast av alle heile helga:
- All bruk av eingongsgrill er forbudt. Dette er eit generelt forbud i heile kommunen og kan straffast med bøter inntil kr. 6.000,-. Bøter er allereie gitt i distriktet.
- Bruk av annan grill skal KUN skje mellom kl. 18:00 og 21:00 på grusunderlag med god avstand til brennbart materiale (gras/telt/presenning osv.), dvs. ikkje inne i telt.
- Gassgrill anbefalast
- Grill med kol skal sløkkjast med vatn og kjølast ned til du kan ta på metallet
- Brannslokningsapparata alle deltakerar er pålagt å ha på depotplass, skal stå ute heile døgnet, vera lett synleg og tilgjengeleg for alle.
- Røyking må skje med største forsiktighet. Sigarettsneipar må stumpast i askebeger/vatn.
- All bruk av varme (sveising, bruk av vinkelslipar o.l) må skje med største forsiktighet.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.