Press "Enter" to skip to content

Klart for 2-dagaren i Vikedal

Last updated on 25. juni 2017

Då er det klart for sesongens høgdepunkt for bilcross-folket, 2-dagaren i Vikedal. Som vanleg er det kvalifisering til Landsfinalane i bilcross junior (på Hamar) og i bilcross (på Momarken). Det er opna for at bilcross junior trening kan delta.
Skal fleire dele same bil i forskjellige klassar, er det fint om de gjer beskjed om det på e-post til pamelding(at)nmk-vikedal.net.

Som før er det krav til medlemmer i NMK Vikedal om å skaffa minst ein funksjonær til løpsdagen. Opplysningane om den må ein leggja inn ved påmelding. Dersom det blir endringar/bytte, må du senda ein e-post til vakt(at)nmk-vikedal.net. Alle ønskjer om arbeidsoppgåver vil dessverre ikkje kunne bli innfridd.

Ordinær påmeldingsfrist går ut søndag 18. juni kl. 23:59.

Tilleggsreglar – bilcross
Tilleggsreglar – rallycross

Påmelding
Foreløpig startliste

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.