Press "Enter" to skip to content

Sølve Østbø vann Vestlandsmesterskapet for bilcross junior

Seierspall VM BC jr. 2015Lørdag gjekk finalen i Vestlandsmesterskapet for bilcross på Egersund Motorsenter under fine forhold. Ingen av klassane var avgjort på førhand, men utfordrerane måtte vinna finaleløpet for å ta igjen leierane, Sølve Østbø, NMK Vikedal, i juniorklassen og Steffen Hjelmås, NMK Bergen, i seniorklassen. Dermed var det litt spenning igjen blant dei involverte.

I dei innleiande omgongane kjørte Sølve Østbø godt og kontrollert inn til heatsiger i alle omgongane med sin BMW, og gjekk dermed rett til A-finalen. Sigve Olsen, NMK Bergen, og Eirik Sandvik, NMK Vikedal, kjempa om andre- og tredjeplassen samanlagt. Eirik måtte ta igjen 10 poeng for å ta igjen Sigve, og med 2 andreplassar og heatsiger, gjekk han rett til A-finalen. Sigve fekk det ikkje heilt til i Egersund, og måtte ta turen om B-finalen. Der vart han dessverre ståande etter tett kamp i andre sving, og fekk tiandeplassen i løpet. Dermed var Sølve klar som Vestlandsmester før A-finalen. Etter 4 andreplassar i dei 5 VM-rundane så langt i år, hadde Sølve eit mål om å ta ein seier i finaleløpet og dermed sikra samanlagtseieren sjølv. Eirik kunne no gå forbi Sigve dersom han vann løpet.

I A-finalen var det Nikolay Rike Grønlund, NMK Konsmo, som tok starten framfor Eirik, medan Sølve fekk ei bomgiring og hamna litt bak i feltet. Sølve kjørte seg opp utover i finalen, og kom seg og forbi Eirik. I siste runde var det litt dramatikk då Nikolay Rike Grønlund fekk motorproblemer med sin Saab, men avstanden var for stor og han kjørte inn til seier i finaleløpet i Vestlandsmesterskapet. Sølve tok sin femte andreplass framfor Eirik, som dermed tok tredjeplass i Vestlandsmesterskapet.

 

Steffen Hjelmås Vestlandsmester for bilcross senior

Seniorklassen har i år vore dominert av Bergens-førerane, og det var berre Torbjørn Østerbø Veland, NMK Bergen, som hadde tatt den lange turen til Egersund. Han kunne vinna Vestlandsmesterskapet om han vann finaleløpet og ta andreplassen om han vart nr. 8 eller betre. Litt tekniske problemer gjorde at det berre vart plass D-finalen, og det enda med 15. plass. Dermed vann Steffen Hjelmås, NMK Bergen, Vestlandsmesterskapet for bilcross senior i sitt første år som senior. Rune Vaktskjold, NAF Motorsport Nordhordland, vart nr. 2 og Torbjørn Østerbø Veland, NMK Bergen, nr. 3.

Sigbjørn Østbø vart best av NMK Vikedal-førerane med åttendeplass i finaleløpet. Håvard Dalen vart nr. 11 og Jonas Lønning nr. 13. Samanlagt vart Oliver Matre best av NMK Vikedal-førerane med ein 14. plass.

Resultater for Vestlandsmesterskapet 2015:

Bilcross junior

  1. Sølve Østbø NMK Vikedal 68 poeng
  2. Sigve Hansen NMK Bergen 57 poeng
  3. Eirik Sandvik NMK Vikedal 55 poeng

 

Bilcross senior

  1. Steffen Hjelmås NMK Bergen 63 poeng
  2. Rune Vaktskjold NAF MS Nordhordland 53 poeng
  3. Torbjørn Østerbø Veland NMK Bergen 46 poeng

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.