Last updated on 17. september 2015
Søndag er det klart for finalen i Vestlandsmesterskapet i rallycross på Vikedal Motorbane saman med nest siste runden for bilcross og crosskart som gjesteklasse. Ingen av klassane er avgjort, så spenninga er til å ta og føla på blant førerane. Lørdag varmar ein opp med parallellrace både for rallycross, bilcross og crosskart.
I klassen inntil 2000 ccm er det junioren Karoline Breivik, NMK Bergen, som leiar med 77 poeng, men Kenneth Johansen, NMK Vikedal, med 61 poeng kan gå forbi på grunn av at eit løp skal strykast. For å klara det må han bli dårlegast nr. 2 på søndag. Glenn Olav Lothe, NMK Vikedal, ligg i praksis best til i klassen inntil 2400 ccm, sjølv om han er nede på tredjeplass før siste runde med sine 64 poeng. Han deltok ikkje i Bergen, der Stein Erling Tjelta, NAF Motorsport Stavanger, nytta sjansen og gjekk opp i leiing med 70 poeng, framfor Bård Nilsen, KNA Klepp Motorsport, med 65 poeng. Lothe slepp dermed å stryka poeng, og vil med eit greit gjennomført løp sikra seg VM-tittelen i klassen.
Glenn Olav Lothe ligg best an i rallycross under 2400 ccm (Foto: HoltenMedia.no)
I klassen over 2400 ccm er det tett kamp mellom Lars Reidar Frøyland og Paul Vik, begge NMK Vikedal. Lars Reidar Frøyland har vunne dei to siste rundane, og kan dermed ikkje forbedra poengsummen sin etter stryking. Paul Vik, som var uheldig å rulla med sin Volvo 940 i Bergen i forrige runde for 14 dagar sidan, må vinna finaleløpet om han skal klara å gå forbi Frøyland.
Bilcrossklassane kjører nest siste runde i sitt Vestlandsmesterskap. I bilcross junior leiar Sølve Østbø, NMK Vikedal, med 1 poeng på Sigve Hansen, NMK Bergen. Østbø fekk denne vesle leiinga gjennom å ta andreplassen framfor Hansen i Bergen for 2 veker sidan. Då var det Andreas Solli, NMK Bergen, som vann, men han har litt lite poeng frå i vår til å hevda seg i samandraget. Dessverre har ikkje Hansen høve til å delta i Vikedal, og er og usikker på finaleløpet i Egersund 3. oktober. Simen Narvestad, NMK Kvinesdal, som ligg 16 poeng bak på tredjeplass stiller heller ikkje, så dermed ligg vegen open for Østbø til å bli Vestlandsmester i bilcross junior. Nærmaste konkurrent er då Eirik Sandvik, NMK Vikedal, men han ligg for langt bak til å ta opp kampen.
Sølve Østbø med pokalen for 2.plassen i Vestlandsmesterskapet i fjor. I år satsar han på å vinna og ligg godt an til det.
I seniorklassen dominerar bergenserane med Steffen Hjelmås, NMK Bergen, i tet med 43 poeng. Rune Vaktskjold, NAF Motorsport Nordhordland, ligg på andreplass med 36 poeng og Torbjørn Østerbø Veland, NMK Bergen, på tredje med 33 poeng.
Løpet søndag er og finalen i NMK Vikedal cup med to klassar i rallycross. I klassen inntil 2400 ccm ligg det an til at kampen om pallplassane står mellom Kenneth Johansen, Stein Erling Tjelta og Steven Wetland. I klassen over 2400 ccm ligg Paul Vik best til, men han vil få kamp av Lars Reidar Frøyland, Aleksander Skeie og Thomas Nonslid om pallplassane. I bilcross junior har Sølve Østbø eit godt grep om laurbærkransen etter at han har ein seier og ein andreplass så langt. Andreas Solli og Eirik Sandvik ligg begge 16 poeng bak Østbø. Torbjørn Østerbø Veland har nesten eit tilsvarande grep om seniorklassen, med 10 poengs leiing til Steffen Hjelmås, 12 poeng til Bjørn Tore Teigland, NMK Bergen, og 13 poeng til Oliver Matre, NMK Vikedal.
I tillegg til bilcross og rallycross, får dei lokale ungdomane som kjører crosskart besøk av eit par østlendingar som nok kan by på god konkurranse. Bjørn Cato Aarekol, NMK Vikedal, som vart nr. 4 i sist Norgescup-runde, er einaste førar i 85 ccm. Forskjellen er nok for stor opp til 125 ccm til at han kan blanda seg inn i toppen der, men det skal kjørast først. Hauk Hamre-Hagen og Nikolai Andreassen er dei lokale førerane i 125 ccm-klassen. Dei er vel nokså jamne, men med Hamre-Hagen eit lite hakk framfor med mest kjøretrening.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.