Press "Enter" to skip to content

Gratis påmelding til deltakar nr. 100

Til no er det 134 kvalifiserte til Landsfinalen for bilcross junior, og heile 88 av dei er påmeldt. Klarar vi å nå 100 deltakerar? Den som blir påmeldt som deltakar nr. 100 skal få gratis påmelding og 2 gratis bankettbillettar i tillegg.
No gjenstår det 3 kvalifiseringsløp, Tour de Motorsport arrangert av NMK Støren som startar i dag og går på 3 forskjellige banar fram til lørdag, Sommarløpet i Bø som går lørdag og søndag, og NMK Orkla som har utsett sitt kval.løp til lørdag 25. juli. For dei som ikkje er kvalifisert enno er det litt seint å melda seg på Tour de Motorsport, men påmeldingsfristen i Bø går ut i dag, 8. juli (www.nmkbo.no) og ordinær påmeldingsfrist for Orkla (www.nmkorkla.no) er 20. juli.
Så langt er det NMK Kvinesdal som har flest påmeldte med 8 deltakerar framfor NMK Aremark med 7. Dei påmeldte representerar 37 forskjellige klubbar over heile landet. Lengst veg blant dei påmeldte har Christian Pedersen, NAF Salten, som bur i Sulitjelma. Han har 1400 km ein veg for å koma fram til Vikedal Motorbane. Litt bak kjem Ruben Karijord og Jakob Eide frå NMK Brønnøy som har rundt 1100 km ein veg.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.