Press "Enter" to skip to content

Camping ved Vikedal Motorbane

Oversiktbilde - Vikedal Motorbane
Trykk på bildet for å skalera det opp

Det blir lagt til rette for camping på eit jorde rett ved sida av Vikedal Motorbane som egnar seg for både telt, campingvogner og bubilar (sjå bilde til høgre). Ein kan då bruka fasilitetane på Vikedal Motorbane som vatn, toalett og evt. dusj. For å vera sikra plass, ber vi om påmelding på e-post til camping@landsfinale.no innan lørdag 25. juli. Opplysningar som er gode å ha med i påmeldinga er namn, tlf. nr., type campingutstyr (telt, vogn, campingbil) og gjerne litt om størrelsen. Campingavgifta blir kr. 100,- for heile helga. Det blir ikkje lagt opp straum, men det vil bli mulighet for å lada telefonar, nettbrett o.l. Har de spørsmål, kan de kontakta Joakim Rønnevik, tlf. 482 44 027.

På grunn av sikkerheten må alle vogner/bilar parkerast med draget eller fronten ut mot vegen. Alle må og vera spesielt forsiktig med open eld pga. brannfaren. Det må vera nattero på området mellom kl. 23.00 og 07.00 og evt. aggregat må/vil bli stoppa i denne perioden.

Andre overnattingsalternativ i området (trykk på Les meir):

Stad Type Namn
Vikedal Hytter og rom Vikedal Gjesteheim
52 76 01 34
http://www.vikedalgjesteheim.no/
Vikedal Hytter/camping Grimaas Camping
950 82 100
Vikedal Hytter/camping Vikedal Camping
976 84 878
Vikedal Rom Sommerturisten AS
52 76 01 13
Vikedal Camping Søndenaastranden camping
52 76 03 29
Ølmedal Hytter/camping Ølmedal Camping
52 76 48 40
Ølen Rom Ølen Gjestegård
52 76 61 00
Etne Rom Fugl Fønix
53 77 14 40
http://www.fuglfonix.no
Sand Rom Ryfylke Fjordhotel
52 79 27 00
http://www.ryfylketuristhotel.no

Overnattingsplassane i Vikedal ligg tett ved sentrum, ca. 5 km. frå Motorbanen. Til Ølmedal er det ca. 17 km, Ølen ca. 23 km. og til Etne ca. 35 km. Til Sand er det 31 km. + ferja Sand – Ropeid (10 min.). Sjekk rutetidene her

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.