Press "Enter" to skip to content

Sesongopning i Vikedal 18. – 19. april – bilcross/rallycross/crosskart

Last updated on 21. april 2015

Påmeldinga til sesongopninga i Vikedal er no opna. Som i fjor er det eit løp over 2 dagar med 2 konkurransar. Lørdag er det vanleg bilcross/rallycross /crosskart og søndag er det bilcross/rallycross/crosskart sprint. Rallycrossløpet opnar Vestlandsmesterskapet for rallycross. Bilcrossløpet inngår i NMK Vikedal cup for bilcross, medan både rallycross og rallycross sprint inngår i NMK Vikedal cup for rallycross.
Du finn linkar til tilleggsreglar, påmelding og startliste under.

I utgangspunktet blir du meldt på begge dagar, men du kan velja å delta berre ein av dagane ved å senda ein e-post med melding om dag til pamelding(a)nmk-vikedal.net. I bilcross blir det bud berre ein gong (lørdag for dei som berre deltek lørdag, søndag for resten).
Crosskart er innbudt som gjesteklasse og kjører sprint på lørdag og ordinært crosskart på søndag.

Medlemmer i NMK Vikedal må hugsa å melda inn vakt til vakt@nmk-vikedal.net for å koma på startlista.

BILCROSS:
–> Tilleggsreglar
–> Påmeldingsskjema
-> Foreløpig startliste

RALLYCROSS:
–> Tilleggsreglar
–> Påmeldingsskjema
-> Foreløpig startliste

CROSSKART:
–> Tilleggsreglar
–> Påmeldingsskjema
-> Foreløpig startliste

 

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.