De første kvalifiseringsløpet som gjekk i Bergen opna med strålande flott vårvær, men dessverre gjekk finalane i plaskande Bergensvær. Dermed var det kanskje ikkje overraskande at det var heimeføraren, Sigve Hansen, som gjekk til topps framfor klubbkamerat Adrian Vaktskjold og NMK Vikedal-føraren Eirik Sandvik. På dei neste plassane kom Julie Mæland og Sølve Østbø, begge NMK Vikedal. Sidan det berre er 5 bilar i finalane på Eikås, vart og andremann i B-finalen, Kaj-Erik Heimvik, NMK Bergen, kvalifisert som sjettemann.
A-finalistane i Bergen, f.v. Adrian Vaktskjold (nr. 2), Eirik Sandvik (nr. 3), Sølve Østbø (nr. 5), Julie Mæland (nr. 4) og Sigve Olsen (nr. 1), har fått invitasjonane til Landsfinalen i handa og er godt nøgde med det.
To golingar hadde tatt turen over fjellet til Bergen med eit håp om å kvalifisera seg. Dessverre gjekk ikkje det for nokon av dei. For Sondra Evjen enda det med rulling i første omgong, medan Håvard Øynebråten sleit og vart sist i B-finalen (9.plass).
Bobla til Sondre Evjen etter rullinga i første omgong.
Galskap Motorsport var på plass i Bergen og filma, og eit utdrag av løpet, med rullinga til Sondre Evjen, kan du sjå her…
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.