Press "Enter" to skip to content

NMK Vikedal med sterke plasseringar i Vestlandsmesterskapet

Finalen i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross gjekk søndag på den nye banen til NMK Egersund. Førerane frå NMK Vikedal markerte seg som vanleg godt i samandraget.

I bilcross junior klassa var allereie Atle Østerbø Veland klar som vinnar før finaleløpet. Sølve Østbø kunne klatre opp på plassen bak med ei god plassering i Egersund. Etter god kjøring i dei innleiande omgongane med to første- og ein tredjeplass, var både plassen i A-finalen og andreplass i Vestlandsmesterskapet sikra.

– Eg er godt fornøgd med å ha klart målet om å sikra meg andreplassen i VM, seier Sølve Østbø. Neste år er hovedmålet ein plass blant dei ti beste i Landsfinalen for bilcross junior på heimebane 1. august. I år klarte eg ein 20. plass, så eg trur det målet skal vera mulig å nå, rundar han av.

I A-finalen i Egersund kjørte Sølve inn til ein fin tredjeplass. Ole Asbjørn Byberg, NMK Sandnes & Jæren, vann løpet framfor Eirik Førland, NMK Konsmo. Cecilie Spartveit og Julie Mæland, begge NMK Vikedal, vart nr. 9 og 10 i løpet. Samanlagt vart Julie nr. 5 og Cecilie nr. 11.

 

Sølve Østbø vart nr. 2 og Julie Mæland nr. 3 i Vestlandsmesterskapet for bilcross junior

I seniorklassa stod det i praksis mellom Torbjørn Østerbø Veland, NMK Bergen, som leia før finalen, og Sondre Hundseid Eikeland, NMK Vikedal. I 3. omgong vart Sondre kraftig påkjørt, og dermed rauk muligheten til finale for han. Torbjørn kom seg til C-finalen, men vart berre nr. 13. Dermed vart sluttresultatet slik som stillinga var før finalen med Torbjørn Østerbø Veland på topp framfor Sondre Hundseid Eikeland. Michael Jensen, NMK Vikedal, kom på tredjeplass sjølv om han ikkje kom til start i finaleløpet pga. tekniske problemer.

I rallycrossklassane var det berre Håvard Helland som kom på pallen i finaleløpet av NMK Vikedal-førerane. Han vart nr. 3 i klassen over 2400 ccm, og sikra seg dermed tittelen som Vestlandsmester i denne klassen. Ørjan Lutsi, NMK Jørpeland, vann finaleløpet og vart nr. 2 samanlagt, medan Knut Endre Ringhagen, NMK Vikedal, vart nr. 3. I klassen inntil 2400 ccm måtte Glenn Olav Lothe, NMK Vikedal, slå leiaren Johnny Brådli, NMK Egersund, for å gå forbi han i samandraget. Glenn Olav gjorde eit godt heilhjarta forsøk, men det enda med ei snurring og fjerdeplass i finaleløpet. Dermed vann Johnny Brådli denne klassen framfor Glenn Olav Lothe og Stein Erling Tjelta, NAF Motorsport Stavanger. Karoline Breivik, NMK Bergen, var einaste deltakar i klassen inntil 2000 ccm, og sikra seg med det andreplass samanlagt i klassen. Her var Kenneth Johansen, NMK Vikedal, klar som Vestlandsmester før finaleløpet. Rudi Andres Rossland tok tredjeplass samanlagt.

Glenn Olav Lothe har kjørt godt i år, men måtte ta til takke med andreplass i Vestlandsmesterskapet (Foto: HoltenMedia.no)

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.