Press "Enter" to skip to content

VM-runde bilcross/rallycross + crosskart 23. og 24. august

Last updated on 1. april 2015

Påmeldinga til 4. runde i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross er no opna. Som i april er det eit løp over 2 dagar med 2 konkurransar. Lørdag er det bilcross/rallycross sprint og søndag vanleg bilcross/rallycross. Rallycross sprinten tel med i Vestlandsmesterskapet i bakkeløp, medan bilcross/rallycross på søndag er 4. runde i Vestlandsmesterskapet.
Du finn linkar til tilleggsreglar, påmelding og startliste under.

Du kan velja å delta berre ein av dagane ved å senda ein e-post til pamelding(a)nmk-vikedal.net. I bilcross blir det bud berre ein gong (lørdag for dei som berre deltek lørdag, søndag for resten). Det blir og gitt 5 poeng i bonus til den som har best tid i kvar bilcrossklasse/omgong. Det blir kjørt 3 semifinalar for dei 18 beste etter innleiande omgongar i bilcross der dei 2 beste går vidare til A-finalen. Det blir rallycross-oppstilling i semifinalane/A-finalane.
Crosskart er innbudt som gjesteklasse og kjører sprint på lørdag og ordinært crosskart på søndag.

Medlemmer i NMK Vikedal må hugsa å melda inn vakt til vakt@nmk-vikedal.net for å koma på startlista.

BILCROSS:
–> Tilleggsreglar
–> Påmeldingsskjema
-> Foreløpig startliste

RALLYCROSS:
–> Tilleggsreglar
–> Påmeldingsskjema
-> Foreløpig startliste 

CROSSKART:
–> Tilleggsreglar
–> Påmeldingsskjema
-> Foreløpig startliste

 

 

 

 

 

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.