Press "Enter" to skip to content

Bilcross: Meld inn vakt for å koma på startlista

Det er enkelte medlemmer som stadig klarer å vri seg unna kravet om å melda inn vakt til løpa. På det første løpet i vår var det 36 deltakerar i bilcross jr./bilcross frå NMK Vikedal. Når alle desse bidreg med ei vakt kvar, har me dekka halvparten av behovet. For at dette skal vera likt for alle har bilgruppa vedteke følgjande:

  • Alle medlemmer i NMK Vikedal som deltek i løp i Vikedal må stilla med minst ei vakt kvar arrangementsdag (i spesielle tilfelle to vakter ein dag på todagarsløp)
  • Medlemmer i NMK Vikedal blir fjerna frå startlista inntil vakt er innmeldt med navn og mob.tlf.nr.
  • ALLE må melda inn vakten sin på e-post til vakt@nmk-vikedal.net for at løpskomiteen skal kunna ha kontroll, og dei som har «faste» vakter
  • Påmeldinga blir ikkje godkjent før vakta er innmeldt. Skjer dette etter at påmeldingsfristen er gått ut, må ein betala etteranmeldingsgebyr
  • Deltakaren er ansvarleg for at vakta møter til rett tid løpsdagen og vil bli tatt ut av heatoppsettet om dette ikkje skjer
  • Vakter skal i utgangspunktet vera over 18 år, men ned til 16 år kan i enkelte tilfeller aksepterast
  • Vaktene er på løp for å gjera den jobben dei blir tildelt, ikkje vera barnevakt, mekanikar eller sjå på løpet. Dersom alle bidreg, kan me prøva å få til vaktskifte i løpet av dagen for ein del av vaktene.
  • Banevaktene får grunnopplæring før løpet, men spør gjerne dei som har erfaring/opplæring i redningsarbeid/brannslokning
  • Dei som meiner dei har rett til unntak frå dette kravet må ta kontakt med bilgruppa ved Jostein (91853063) eller Johannes (98283794)

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.