Last updated on 1. oktober 2013
NMK Vikedal-førerane vann alle tre klassane i bakkeløpscupen etter andre og siste runden på Klepp. Det var berre 12 deltakerar i rallycross-klassane på Klepp, og berre 3 frå NMK Vikedal var skuffande.
I finaleløpet var Ernst Holten Leifsen raskast i klassen inntil 2000 ccm, men det var utruleg jamnt. Per Magne Røyrås var 13 hundredeler bak på andreplass, medan Daniel Holten vart nr. 3 berre 21 hundredeler bak Ernst. Det var berre Jonny Brådli i klassen inntil 2400 ccm som var raskare enn desse på Klepp. Glenn Olav Lothe vart nr. 4 i klassen inntil 2400 ccm, men det var nok til å vinne klassen samanlagt. I klassen over 2400 ccm var det ingen som kjørte begge rundane, og dermed vann Lars Reidar Frøyland pga. bonuspoenget han tok i Vikedal for beste kvalifiseringstid.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.