Last updated on 1. oktober 2013
For tredje gong tapte Ingve Andrè Strand kampen om gullet med minst mulig margin, men vann sølvmedalje i NM for crosskart 650 ccm. I finaleløpet på Gjøvik var det spesielt starten i 3. innleiande omgong som øydela. Då kvelte han crosskarten på start og vart berre nr. 6. Dermed stod han midt i andre rekkje i finalen, og med mange dyktige førerar framfor seg. Dermed kom han seg ikkje forbi, og kjørte inn til sjetteplass i finaleløpet. Sidan Simen Vardeberg, NAF MS Kongsvinger, vann løpet, slo han Ingve Andrè med fattige 2 poeng. Jørgen Svindal, NMK Gardermoen, fekk same poengsum som Ingve Andrè, men fekk bronsen med dårlegare plasseringar.
I 125 ccm-klassen kjørte Anders H. Strand inn til 8. plass i finaleløpet. Samanlagt i NM vart Anders nr. 11. I vinter skal crosskarten til Anders oppgraderast til 250 ccm-klassen. I tillegg er planen at Ingve Andrè skal selja sin og byggja ny i løpet av vinteren.
I 85 ccm-klassen gjorde Hauk Hamre-Hagen og Bjørn Cato Aarekol nok eit godt løp. Hauk kjørte inn til sjetteplass, medan Bjørn Cato kom på plassen bak. Samanlagt i Crosskart juniorcup vart Hauk nr. 10 og Bjørn Cato nr. 11.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.