Last updated on 8. august 2013
Opplegget for helga blir slik:
Lørdag blir det kjørt rallycross sprint som 3. runde i Vestlandsmesterskapet og 1. runde i bakkeløpscupen. Traseen som skal kjørast er snautt 2 rundar med ein runde primært i rallycrosstrasèen og ein runde i bilcrosstrasèen inkl. alternativsporet. Det blir kjørt med 2 bilar om gongen i forskjellig trasè, som i Superspecial i rally eller parallellrace i Strængnes i Sverige, om nokon har sett det. Det blir kjørt 3 omgongar der tidene i dei 2 siste omgongane blir lagt saman og avgjer resultatet.
Lørdag blir det og kjørt bilcross sprint for bilcross senior etter same opplegg og i same trase som i rallycross sprint. Siden det er eit eige løp, blir det dessverre anbudsrunde etter løpet som vanleg.
Løpstart er kl. 12.30.
Søndag går 4. runde i Vestlandsmesterskapet for rallycross som eit vanleg rallycrossløp, og 4. runde i Vestlandsmesterskapet for bilcross som eit vanleg bilcrossløp. Løpet vil starta med rallycross trening kl. 10.00 og deretter 1. omg. bilcross jr og bilcross før kyrkjetida kl. 11.00. Vi startar opp igjen med 1. omg. rallycross kl. 12.30.
Tilleggsreglar, påmelding og startlister:
Parallellrace – lørdag 17. august:
Rallycross: – Tilleggsreglar
– Påmelding
– Førebels startliste
Bilcross: – Tilleggsreglar
– Påmelding
– Førebels startliste
Bilcross/rallycross – søndag 18. august:
Rallycross: – Tilleggsreglar
– Påmelding
– Førebels startliste
Bilcross: – Tilleggsreglar
– Påmelding
– Førebels startliste
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.