Det vart som venta ingen finaleplass på Per-Gaute Østbø i Landsfinalen for bilcross sist fredag og lørdag på Konsmo. Det vert satsa ganske hardt frå mange hald, så det var mange grombilar som deltok. Best av alle var Preben Myklebust frå NMK Egersund i sin Nissan Micra med VR6-motor. Han kjørte raskast i alle omgongar, og sjølv om han kom sist ut i finalen kjørte han inn til ein suveren seier. NMK Vikedal gratulerar Preben med seieren.
Det var drygt 2300 bud, og 4 medlemmer i NMK Vikedal fekk med seg «ny» bil heim. Dessverre vart bilane til alle dei 3 deltakerane frå Bergen selde, men me håpar det ordnar seg med nye bilar til finalen i Vestlandsmesterskapet på Eikås lørdag 7. september.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.