For dei som saknar Daniel Holten og Bjørn Magne Moland Enge på startlistene til helga, kan me opplysa om at dei prioriterer å delta i finalen i NM i bakkeløp på Varna ved Moss. Finalen er eit dobbeltløp med eit løp lørdag og eit søndag.
Daniel ligg på sølvplass etter dei to første rundane på Vålerbanen i mai med 44 poeng, 10 poeng bak Lars Øivind Enerberg som leiar. Det er berre 5 deltakerar i Daniel sin klasse, noko som gjer at poengsummane blir halvert i forhold til normalt. Søndagsløpet gir doble poeng i NM, så det hjelper ein god del. Dersom ein førar vinn alle omgongane og totalt, vil han få 12 poeng meir enn nr. 2. Dermed vil søndagen bli avgjerande for kven som blir Norgesmester i bakkeløp.
Bjørn Magne kjørte ikkje på Vålerbanen pga. motorproblemer, men satsar nok på ei god plassering og fin kjøretrening.
Me satsar på å kunna gi publikum i Vikedal i helga løpande oppdateringar frå bakkeløpa.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.