Last updated on 13. august 2013
Bjørn Cato Aarekol var einaste deltakar frå NMK Vikedal i 2-dagarsløpet på Grenland Motorsenter i helga. Med 5 innleiande omgongar vart det mykje god kjøretrening på Bjørn Cato, som kjører i klassen Crosskart 85 ccm.
3 tredjeplassar og 2 fjerdeplassar gav tredje startspor i finalen. Der kjørte han godt og kom inn til ein flott tredjeplass.
Bjørn Cato var godt fornøgd og syns det var ei kjempekjekke helg. «karten fungerte bra men eg kjørte dei to første omgangane uten skikkelig gir. Pappa måtte skifte girhendel og justere litt så virka det godt etterpå» er Bjørn Cato`s korte oppsummering. «Dei to som kom før meg i finalen var på himabane, og har betre kartar enn den eg kjører med så dei greidde eg ikkje å kjøra forbi så lenge dei ikkje gjorde feil. Eg har lyst til å setta til salgs skilt på karten, sånn at me kan kjøpa ein ny te neste sesong» seier han etter å ha tenkt seg litt om 🙂
Neste helg skal Bjørn Cato saman med dei andre crosskartførarane Hauk Hamre Hagen, Anders Halleråker Strand og Ingve Andre Strand på nytt NM-løp, denne gang på Roppemoen i Flå i Nedre Hallingdalen.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.