Press "Enter" to skip to content

Ingve Andrè nr. 2 i NM-runden i Orkla

Ingve Andrè Strand vart nr. 2 i 650 ccm klassen under NM-runden i crosskart i Orkla i helga. Hauk Hamre-Hagen og Bjørn Cato Aarekol var og på plass og deltok i 85 ccm klassen.

NM-runden for crosskart vart kjørt saman med Norgescupen for rallycross nasjonal, og difor vart alle innleiande omgongar for crosskart kjørt lørdag og finalane søndag. Det starta ikkje optimalt for Ingve Andrè med tredjeplass i den første omgongen. Litt justeringar på forgassaren hjalp tydelegvis, for i andre omgong vart det andreplass. Ein god tredjeomgong ville sikra ein plass i A-finalen, men istaden stod Ingve Andrè igjen i starten. Han kom seg i gong igjen, og klarte å sikra seg ein fjerdeplass. Dermed vart det beste startspor i B-finalen. Søndagen var alt småkluss frå dagen før borte, og Ingve Andrè vann B-finalen suverent. Startspor langt bak i A-finalen er ikkje ideelt, men smart og god kjøring gjorde at Ingve Andrè kunne kjøra seg opp heilt til andreplass. Dermed leiar han fortsatt NM og auka forspranget med nokre poeng. Ingve Andre har no 76 poeng, medan Jørgen Svindal har 69, Ludvik S. Einarsen 67, begge NMK Gardermoen, og Simen Vardeberg, NAF MS Kongsvinger, 65 poeng.

I 85 ccm klassen var det Hauk Hamre-Hagen som gjorde det best. I dei innleiande omgongane kjørte han inn til andre-, tredje- og førsteplass. Det gav fjerde startspor i A-finalen, men der vart det litt rot og Hauk vart til slutt nr. 8. Bjørn Cato Aarekol kjørte inn til 12. plass. Hauk og Bjørn Cato ligg no som nr. 10 og 11 i Juniorcupen for crosskart med hhv. 41 og 28 poeng.

Bjørn_Cato_og_Hauk_Hamre-Hagen_Orkla
Bjørn Cato Aarekol (t.v.) og Hauk Hamre-Hagen vart godt nøgde etter premieutdelinga.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.