Press "Enter" to skip to content

Ingve Andrè nr. 6 i NM-opninga for crosskart

Last updated on 3. juli 2013

Ingve Andrè Strand var ikkje heilt nøgd etter sjetteplassen i NM-opninga for crosskart på Lyngås 1. og 2. juni. Motoren gjekk ikkje som den skulle, og det var sannsynlegvis ein jordingsfeil på coilen som laga problemer. NMK Vikedal stilte og med nokre dyktige juniorar på NM-runden.
Anders H. Strand deltok i 125 ccm-klassen, men hadde litt problemer som faren, Ingve Andrè. Det vart til slutt plass i B-finalen og ein 12. plass.
       Hauk Hamre Hagen og Bjørn Cato Aarekol deltok i 85 ccm. Hauk har kjørt i fleire år og har no verkeleg fått opp farten på crosskarten. To tredjeplassar og ein andreplass gav plass i A-finalen, der han kjørte inn til ein flott sjetteplass. Bjørn Cato er litt ferskare i sporten, men har vore flittig på trening. På Lyngås vart det ein fjerde- og to tredjeplassar. I B-finalen kjørte han inn til fjerdeplass, noko som gav ellevteplass i løpet.


Hauk Hamre Hagen (startnr. 90) med sin mekanikar Mathias Håland og Bjørn Cato Aarekol (startnr. 62) med sin mekanikar og far Jon Bjarte Aarekol er klar til å rulle fram til startplata på Lyngås (trykk på bildet for å sjå heile).

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.