Press "Enter" to skip to content

Glenn-Roar Gåsdalen nr. 4 i Bø

Last updated on 3. juli 2013

Glenn-Roar Gåsdalen vart niande førar frå NMK Vikedal som kvalifiserte seg til Landsfinalen for bilcross junior i Melhus. Etter å ha vunne alle sine innleiande heat i bilcrossløpet i Bø 1. juni, var han den einaste med 30 poeng før A-finalen. Der gjekk det ikkje fullt så bra, men ein fjerdeplass er svært bra i kamp med telemarkingar og ein gjeng sørlendingar.
      Heidi Steine hadde og tatt turen frå Suldal til heimfylket. Etter litt problemer i dei første omgangane og sjetteplassar som resultat, vart det ein oppløftande andreplass i 3. omgong. Samanlagt vart det 36. plass.
      Neste løp i Bø går 13. juli. Både Glenn-Roar og Heidi er allerede påmeldt, og ønskjer seg nok gjerne selskap av fleire frå NMK Vikedal. Me kan leggja til at banen ikkje ligg langt frå Sommarland.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.