Det blir trening på Vikedal Motorbane lørdag 18. mai frå kl. 10.00.
Det blir fysisk trening med steinplukking, maling, snekring, vasking, rydding osv. på Vikedal Motorbane lørdag 18. mai frå kl. 10.00 og utover til me er ferdige. Ingen treng ta med bil for å delta, men malarklær, snekkerutstyr og anna passande utstyr kan vera nyttig å ta med.
Sidan alle får med seg at det er trening, tenkte me at skulle kalla det «trening» og sjå om frammøte av aktive og andre medlemmer aukar då. Ein kan iallefall ikkje skulda på at ein ikkje visste om det, og vermeldinga lovar bra så då kan det bli retteleg triveleg.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.