Olav Bakkedal Bjelland kjørte godt på Lyngåsbanen i helga og sikra seg ein flott tredjeplass i bilcross junior-klassen. I dei fem innleiande omgongane vann han 3 og tok 2 andreplassar, og var med det fjerdebest etter innleiande omgongar. I A-finalen kjørte han inn til tredjeplass.
Asbjørn Hustvedt Lærdal gjorde det og godt, men 2 nullpoengar gjorde at det berre vart C-finale for Asbjørn med 2 heatsigrar og ein andreplass som teljande resultat. I C-finalen vart det andreplass, og dermed 12. plass i løpet.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.