Etter at den første runden i Vestlandsmesterskapet, på Vikedal Motorbane måtte avlysast, er det no klart for sesongopning i mesterskapet på Eikås Motorsenter ved Bergen.
NMK Valdres-føraren Frode Leirhol vann opningsløpet på Eikås Motorsenter i fjor, og er på plass igjen på lørdag.
Både rallycross og bilcross i Vestlandsmesterskapet skulle hatt si opning på Vikedal Motorbane 6. – 7. april, men på grunn av kulde og mykje tele i jorda vart løpet avlyst. For rallycrossen blir det no opning på lørdag på Eikås Motorsenter. Det blir og kjørt bilcross, men dette løpet tel ikkje med i mesterskapet.
Medan det var få deltakerar i rallycrossklassane i Vestlandsmesterskapet i fjor, ser det ut til å bli eit oppsving i år, og så langt er hele 17 førere påmelde til den første runden.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.