Etter at løpet på Vikedal Motorbane tidlegare i april måtte avlysast på grunn av is og tele, er det no klart for sesongopning. Onsdag 1. mai går den første runden i Vestlandsmesterskapet for bilcrossklassane av stabelen.
I fjor var det Tor Egil Mæland og André Hustoft Nesheim av NMK Vikedal-førarane som kom nærmast Vestlandsmesterskapstittelen i senior og juniorklassen. Begge var på pallen, Mæland nummer tre og Hustoft Nesheim nummer to. No har Tor Egil Mæland gitt seg, medan André Hustoft Nesheim tar ein ny sesong i juniorklassen.
-Dette blir den siste sesongen min i juniorklassen, og om det blir noko køyring til neste år har eg ikkje heilt bestemt meg for.
André Hustoft Nesheim stiller i den same bilen som han køyrde med i fjor, ein bil som fekk seg ein skikkeleg smell under sesongavslutninga på Vikedal Motorbane i oktober.
-Bilen var skeiv etter smellen, og sjølv om me har retta den opp i vinter, merka eg under køyringa i Bergen førre helg at den ikkje var heilt god å køyre, seier han.
Likevel køyrer han for å vinne på Vikedal Motorbane, og målet til slutt denne sesongen er å stå på toppen av Vestlandsmesterskapet.
I Bergen vann han to heat og blei nummer to i det tredje.
-Ein fjerde plass til slutt i Bergen og kvalifisert til landsfinalen er eg nøgd med, men no er det Vestlandsmesterskapet som gjeld.
André Hustoft Nesheim blei nummer to i Vestlandsmesterskapet i bilcross junior i fjor. Bilde er tatt etter at han også gjekk til topps i NMK Vikedal-cup og har fått laurbærkransen.
I bilcrossklassen hadde veteranen Per-Gaute Østbø ein durabeleg innspurt under finalen i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane i oktober i fjor, og enda til slutt på sjette plass samanlagt.
-Då hadde eg full klaff og vann både D, C, B og A-finalen, seier han, som også var i Bergen førre helg, blei nummer seks, og dermed er også han kvalifisert til Landsfinalen i bilcross.
– Satsar på å få med meg landsfinalen, må nesten det når eg først er kvalifisert.
Per-Gaute Østbø (t.v.) og Torbjørn Østerbø Veland kunne gratulere kvarandre. Per Gaute vann finaleløpet i fjor, medan Torbjørn blei Vestlandsmester.
Per-Gaute Østbø starta med bilcross i 1983, og kan dermed saman med NMK Vikedal i år feire 30 års jubileum for det første billøpet. Etter kvart har han også fått sønnene Sigbjørn ( 21) og Sølve (16) med seg inn i sporten.
– Sigbjørn køyrer senior, same klasse som eg, medan Sølve deltar i juniorklassen, forklarar Per-Gaute Østbø.
-Me har til saman fem bilcrossbilar og det er fint at me no er fleire som kan hjelpe kvarandre når noko skal gjerast.
Ein regel i bilcross er at same bil kan delta både i junior og seniorklassen under same løpet.
-I Bergen køyrde både eg og Sølve hans BMW.
På Vikedal Motorbane blir det tilbake til Opel Ascona for Per-Gaute, ein bil han også køyrde i oktober.
– Har to Opel Ascona, så det blir nok ein av dei. Gode bilar, men det skal vel godt gjerast om det går like bra som sist, men eg får prøve igjen.
Løpet på Vikedal Motorbane 1. mai er også kvalifiseringsløp til Landsfinalen for bilcross junior, og dei seks beste i løpet får ein billett til finalen som i år går på Bollandsmoen i Trøndelag 27. juli.
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.