Nytt styre har stabla seg på beina, og har mangt og mykje å gripa fatt i. Me har fokus på mulighetene, og tar utfordringane som måtte koma etter beste evne. Me veit at det er mange medlemmer i klubben som har mykje kunnskap om motorsport og gode innspel er me opna for.
Medlemmene i bilgruppa, anleggskomiteen og MX-gruppa har nok oppgåver å gripa tak i, og dei er godt i gang med arbeidet.
Med mange positive medlemmer og gode personar i gruppene har eg god tru på eit nytt, spennande og godt motorsport år.
Ynskjer alle medlemmer og støttespelarar i NMK Vikedal ei fredeleg julehelg og eit godt nyttår i vente.
Helsing styret i NMK Vikedal
Kari Holten Leifsen (leiar)
Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.